Maritimt

D/S Storfond 1898. Foto: Lars Johansen/Bergens Sjøfartsmuseum.
D/S Storfond 1898. Foto: Lars Johansen/Bergens Sjøfartsmuseum.

To slags sjøfolk

Kva veit ein landkrabbe om livet til sjøs?
Ingen ting!
Ingen ting om dei lange vakter
dag ut og dag inn
om bakstørn og stempelsjau
om frivakt og landlov
om det å lengta ut
og om det å lengta heim.

For det finns to slags folk:
Dei med sjømannsbok
og dei utan.
Dei som har navigert etter stjernene i sydkorset
skålt i Rio og Yokohama
sveitta i lugaren langs Gullkysten
handla med Moses i Suez
baska i isen langs Grønland
kappkjørt med flygefisken ved Tahiti.

To slags folk:
Dei som vakta heimebøen
og dei som gjorde ei smal steinrøys
langt mot nord
til ei stormakt på havet.
Dei som sat trygt bak skriveborda i Nortraship
og dei som kvar dag hadde døden til bords.
Dei som ropte hurra for freden
og dei som femti år seinare
fekk medalje i posten.

To slags folk:
Dei med fartstid
og dei utan.
Dei som blir oppsagt på Christiania Spigerverk
som Gro slåss for i sin 1. mai-tale
og dei som ruslar ned gangvegen
for å bli borte bak dei høge fjella
utan at Dagsrevyen bryr seg.

Kven skal heretter åpna grinda i skigarden
ta oss med på tropisk seilas under stjernehimmelen
løfta oss opp over åskamme
og presentera oss for Mary Malou og Maggie May og alle dei andre som veit kva «a real norwegian sailor» står for.
Kven skal Erik Bye syngja om
når den siste sjømann er gått i land?

For kva er det vi skal sakna?
Det er havet og stjernene
kapteinens trygge ansvar for skip og mannskap
styrmannens blyantstrek over oceanet
utkikkens glade ansikt mot soloppgangen
maskinistens oljesvarte nevne rundt skiftenøkkelen
stuertens påminning om eit land langt borte
matrosens lugarbilde av hus og hage
messejentas såpeskum før skipet har vakna
dekksguttens draum om ei framtid til sjøs!

Skrevet av Magne Misje. 

Til hovedsiden