Den gangen eg lurte døden
Tekst: Erling Jensen - august 2010
Når eg va guttunge va eg møje i Badedammen i Østre bydel og bada. Besteforeldrene mine hadde landsted på Idse i Ryfylke, så der og blei det mye nærkontakt med det våte element. Me hoppte på sjøen allerede i april, og badesesongen varte te september/oktober.
Det der greiene di snakke om ang. global oppvarming e bare någe tull. For badesesongen blei kortare og kortare itte kvert som årå gjekk. Allerede for ti år siden blei sesongen så korte at den varte bare i någen timar. I dag eksistere ikkje badesesong for mitt vedkommande, utenom ein varme dusj når det nærme seg jul og eg ska i familieselskap.
I august i 2010 så va me på båttur te Langøy. Mens eg står på dekket i den gamle trebåden min, så komme det ein ball flydanes forbi. Plutseligt så komme det ein gjeng me småungar og brøle:
– Ballen, ta ballen!
Ønsket om å bli helt og få medalje, og kombinasjonen av uskyldige barnaauer gjorde at eg reagerte i løpet av et hundredels sekund. Eg slengte høyrearmen mot ballen, samtidigt som venstre hånd tok fatt i pullerten på båten for å holla redningsmaen fast.
Pullerten var midlertid vekke, for den skulle skiftas ud me ein nye, men det glemte eg i farten. Så det endte med at eg datt øve rekkå og gjekk rett te bånns. Sko, dongeribuksa, hettegenser, tobakk, lommabog og nytt Canon digitalkamera, det e i grunnen løye kor tungt det bler onna vatten.
På havets bunn satt eg og venta på at eg sko flyda opp, men ingenting skjedde! Og mens eg satt der og tenkte på om det nya kameraet mitt va forsikra, så dokkte det opp et nytt problem. Eg gjekk tomme for luft! Det va kje lenger sånn som i barndommen at me kunne ver onna vatten i timasvis. Hekkan, nå drukne du pigede, tenkte eg. Og som me har lest om så mange ganger før så passerte livet i revy. Eg så det mektiga lyset mot evigheten, og adle mine avdøde venner sto klar te å ta imot meg. Men lengst inne i tunnelen så eg og et par kreditorar, og då kom eg te meg sjøl igjen.
Eg kjempa mot naturkreftene, eg kjempa mot luftmangelen, og eg kjempa for livet. Og sakte men sik-kert så nærma eg meg havoverflaten der kor sykebil, brannvesen og hjertestartar forhåpentligvis sto klar og venta. Medaljen og heltestatusen ville nok komma i løpet av någen dager.
Og endeligt, nasen presste seg gjennom og fekk fri luft, eg va redda! Eg åbna auene, men ka fekk eg se? Jo, samboaren min sto klar med kamera og holt på å le seg skakke. Og ungane me di uskyldige auene brølte:
– Ballen, fekk du ikkje fatt i ballen?
Om någen ungar spør meg ein gang te om å henta ballen, så e svaret klart: Hopp udi sjøl, din dridunge!