Pianoet på Midjord

Tekst: Erling Jensen - 2020.
Når eg var 10 år gammale lerte eg å spela Smørbrødvalsen på et gammalt trøorgel. Någen år sei-nare, i slutten av 1970-årå, kjypte eg et Riisnæs piano. Planen var å utvida repertoaret og lera någen nye akkordar. 

Pianoet var et svært svart merakkels som var bygd i slutten av 1800-talet av Henrik Severin Riisnæs fra Bergen. Det veide flærne hundre kilo, så eg måtte få hjelp av halla nabolaget for å frakta det fra Våland te Midjord.

Den eine naboen var gartner, og han hadde traktor med tilhengar. Lørdag formiddag ein gang om sommaren klatra seks mann opp i tilhengaren. Det var varmt, så me hadde et par kassar øl me oss. Det blei ein fine tur te Våland, og humøret var på topp. Eg ska ikkje gå i detaljer, men når det svarta helvete var plassert i tilhengaren va me udsledne heile gjengen. Og tysste...

Turen hjemøve gjekk i sneglefart. Gartneren var redde for traktoren og tilhengaren, og eg var redde for at pianoet sko detta av i svingane. Men me hadde goe tid, og øl. Det var mange som sperra auene opp når di så seks halvfoddle mannfolk som fremførte allsang akkompagnert av pianomusikk.

Pianoet kom te slutt inn i stuå, og der sto det, midt på golvet. For å få plass te det sværa merakkelse måtte eg blenda den eina dørå ud te entreen. Med ei tynne kryssfinérplada øve dørå og strukturma-ling blei det nye vegg, og her plasserte eg pianoet. For å komma inn og ud av stuå brukte me kjykkendørå.

Det va goe klang i pianoet, høgt volum, og mange disharmoniar. Men det gjekk ikkje ann å stemma det, ramå var sleden. Itte kvert blei naboane og sledne. To av di nærmaste naboane var aktive musi-karar, så det blei ekstra pinefullt for di å hørra på galskapen. Kånå blei og galen, og forlangte å få pianoet vekk.

Pianoet blei avertert i Rogalands Avis, og eg fekk ganske fort respons av ei dama fra Eiganes. Eg for-klarte at pianoet ikkje va muligt å stemma.
– Je skal bruke det som møbel, så det gjør ingenting. Dessuten kan je ikke spille, nei vet du hva, svarte hu i telefonen.

Damå kom som avtalt. Det var ei flotte dama med oppsatt hår, perlekjede rundt halsen og flotte øyredåbbar. Men hu så litt skeptiske ut. Hu hadde nok ikkje vært på Midjord før, ivertfall ikkje i ein liden kommunale leilighed. Eg ga na ein kopp kaffi så hu fekk roa nervå. Og då slapp hu tattle på seg, kjeften sto kje stilt. Men heldigvis var kånå der, så hu fekk jobben me å sitta å hørra itte.

Plutseligt gjekk det opp for meg at pianoet ikkje kom ud kjykkendøra, det var rett og slett for trangt. Det va bare ein ting å gjørr, åbna den dørå som var blenda. Eg gjekk ner i kjellaren og henta økså. Når eg kom inn i stuå blei damå fra Eiganes stive av skrekk. Ein langhåra Midjordgutt med øks! Men pianoet skulle vekk, så eg tok ikkje hensyn. Eg smalt økså i veggen så heila huset rista. I nesta øye-blikk så eg rauå te hu fra Eiganes. Hu sprang for livet bortigjønå Krossgadå mens øyredobbane opp-førte seg som billige klinkekuler i vill flukt.

Eg venta et par dager te stormen hadde lagt seg, så ringte eg te Eiganes og forklarte situasjonen. Hu kom tebage itte någen dager, men denne gangen hadde hu maen og et par livvaktar med seg. Pianoet blei solgt, og det blei igjen stille på Midjord.

Til hovedsiden