Ole

to vaksne menneske
fulle av hormon
svetten piplar
ser kvarandre i auga
stirer intens
klarer ikkje å vika blikket
kanskje er det kjærleik
kanskje er det attrå
kanskje er det noko anna

ein skarp lyd
ei bjølle
boksekampen kan byrja.